OD-2004 har gjennom SAIH støtta arbeidet til seks sørafrikanske organisasjonar som på ulike måtar mobiliserer og motiverer ungdom til å nedkjempa vald og kriminalitet i nærmiljøa sine.
Etter frigjeringa i 1994 har vald og kriminalitet grepe om seg i aukande grad i Sør-Afrika. Årsakene er nok mange og innfløkte: Apartheid bakgrunnen er ein; men også aukande arbeidsløyse; framveksten av store byar og drabantbyar og aukande tilstrøyming til dei. Det høge talet på ungdomar som er hiv-smitta er truleg også ein medverkande faktor. Ein konsekvens av denne utviklingsprosessen har vore framvekst av valdelege og kriminelle ungdomsgjengar.
For ungdom med få eller ingen aktivitetstilbod synest desse gjengane eit attraktivt alternativ. Partnarorganisasjonane har brukt musikk, drama og dans til å motivera ungdom til å koma ut av den negative utviklinga denne prosessen ofte fører med seg.
Haldnings- og framferdsendringar og redusert kriminalitet
Sidan 2009 var siste året for to av partnarane i programmet, vart slutt-evalueringa av programmet gjort dette året. Til forskjell frå den generelle statusen på vald og kriminalitet i Sør-Afrika (kriminaliteten har halde seg på eit høgt nivå heile tida) har OD-2004 programmet sett i gang prosessar mellom ungdomane i programmet som reduserer kriminaliteten. Evalueringa av programmet framhevar nemleg at prosjekta har leia til haldnings- og framferdsendringar blant involvert ungdom, samstundes har personar og institusjonar som har sitt virke i desse lokalsamfunna opplevd at valden og kriminaliteten i deira lokalsamfunn er redusert.
I KwaMashu, ein bydel i Durban, driv K-CAP eit aktivitetshus. President Jacob Zuma hadde karakterisert bydelen som kriminalitetshovudstaden i Sør-Afrika. "Alle veit" at KwaMashu er full av kriminelle, stoffmisbruk og vald i fullt dagsljos. Det er her KCAP driv aktivitetshus. Her har KCAP identifisert artisttalent, utvikla talenta, gitt dei høve til å få erfaring, nokre har starta dansegrupper, andre er individuelle artistar som har gitt ut eigne album. Ungdom som knapt hadde ete seg mette ein dag har fått opplæring i dans, drama, musikk, og dei har vist seg tiltrua verdig for det er vakse fram: Dansarar, dansegrupper, musikarar og skodespelarar, dvs. ungdom som i dag har eit arbeid dei er glad i
Ungdomsgruppene i CDOP brukar mykje tid på å øve inn stykke om stoffmisbruk, vald og overgrep, stykka er basert på eigne erfaringar, dei viser stykka for kvarandre, på skulane sine og i lokalsamfunna sine. Berre i 2009 tok CDOP opp totalt 240 nye ungdomar i gruppene sine, medlemer som etter å ha delteke på kurs sjølve lagar stykke om vald og kriminalitet og foreslår løysingar, ideane til løysingar har utspring i deltakinga på kurs om t.d. vald, hiv etc.
I Sør- Afrika har SAIH og OD seks partnere som jobber med forebygging av vold og kriminalitet i tre byer; Pietermarezburg, Johannesburg og Durban:
- Drama AIDS Education (DramAidE)
- Khulisa
- KwaMashu Community Advancement Projects (K-Cap of Positive Arts)
- Pietermarezburg Agency for Christian and Social Awereness (PACSA)
- Community Development and AIDS Outreach Projects (CDOP)
- Sibikwa Community Theatre Project
