Totalt innjobbet: 26.447.000
Samarbeidsorganisasjoner: Norge: FOKUS. I mottagerlandene: ITZA, Conavigua, NACWOLA, Masimanyane, WEP, White Ribbon, We Train, TNP, IAC.
OD 1999 støtta jenter sin rett til utdanning, eit liv utan vald og til å bestemme over sin eigen seksualitet.
OD-pengane vara i sju år og gjekk til alt frå grunnskuleutdanning og yrkesutdanning til informasjonskampanjar. OD støtta jenter som lever med hiv/aids, og jenter som har opplevd vald og seksuelle overgrep.
Prosjekta fann stad i Nicaragua, Brasil, Guatemala, Sør-Afrika, Uganda, Sierra Leone, Thailand, India (tibetanske flyktningar) og Gaza. OD støtta dessutan ein organisasjon som arbeider mot omskjæring av jenter i Afrika.
Jente-OD ein gang til
ved Unni Berge, leiar Operasjon Dagsverk 1999
Meiner Operasjon Dagsverk at jenter er meir verdt enn gutar?
Eg var stolt den vårdagen i 1999 då det vart klart at skulane ønskte at Operasjon Dagsverk same haust skulle støtte rettane til jenter i verda. I Norge pågjekk diskusjonar om likestillinga var gått for langt. Det var vel nok likestilling no. Kvifor skulle OD favorisere jenter?
Norske skuleelevar visste svaret. Dei som argumenterte ivrigast for å støtte jenter, var nesten gutane. Jenter har rett til utdanning, eit liv utan vald og til å bestemme over sin eigen seksualitet, meinte gutane. Dei visste at fleirtalet dei som ikkje kan lese og skrive i verda, er jenter. Og at når familien er fattig, er det oftast jentene som må slutte på skulen først.
OD 99 støtta også afrikansk ungdom sin kamp mot kjønnslemlesting (omskjæring) av kvinner. Fyrst fleire år seinare skjøna det norske samfunnet at dette var eit problem som ein måtte få bukt med også her heime.
Fleire av jentene som fekk støtte frå OD var på besøk i Noreg under Internasjonal Veke hausten 99. Dei var ulike på mange måtar. Hiv-positive Emily frå Uganda og den blide jenta Sandra frå fattigstrøk i Nicaragua hadde likevel ikkje problem med å skjøne kva dei hadde felles. Å vere fattig jente er enno vanskelegare enn å berre vere fattig. Då stiller ein bakerst i køen og nederst på rangstigen.
Fleire år seinare møtte eg Sandra på besøk til OD-prosjeket i Nicaragua. Ho kunne fortelje at ho hadde sett Emily frå Uganda på eit TV-program om HIV og Aids! Då var det trist å fortelje Sandra at Embily dessverre hadde tapt kampen mot sjudommen.
Dagsverka frå 1999 vara heilt til 2007, då siste utbetaling gjekk til å sikre tibetanske nonner i eksil eit like godt utdanningstilbod som det munkane får. Utdanning gjev sjølvtillit. Med utdanning kjenner nonnene at dei kan delta i kampen for eit fritt Tibet med same kraft som mennene i samfunnet.
Mange av prosjekta lever vidare, også etter OD-støtta. Sjølv om Emily er død, kjempar organisasjonen hennar framleis for rettane til HIV-positive i Uganda. Det er litt enklare å vere jente dersom ein deltek i eit fellesskap der ein lærer korleis ein kan kjempe for ein betre kvardag.
OD får inn mykje pengar kvart år og skal brukast forsvarleg. Dagsverka frå 1999 har nådd fram og betydd mykje for svært mange jenter.
Så kvifor favoriserar OD jenter? Svaret er fordi samfunnet diskriminerer dei. Jenter er ikkje meir verdt enn gutar, men dei er sanneleg verdt like mykje. Jenter i verda fortente støtta til norske skuleelevar i 1999, og dei fortener dessverre støtte igjen.
Takk til alle gutar og jenter som skjøner dette.