Oslo

Journalistpraktikant i Framtida.no

USK VGS 2 elever

Din arbeidsdag

Er du engasjert og flink til å skriva nynorsk, ta bilete, laga video, eller innhald til sosiale medium?
Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge i alderen 15-25 år. I Framtida.no kan du prøva deg som journalist for ein dag.
Om du ikkje skriv perfekt nynorsk, eller har mykje journalistisk erfaring går det heilt fint. Det viktigaste er at du har lyst å prøva deg, læra, og synest det er greitt at arbeidet ditt vert publisert under ditt namn. Me gjev god oppfølging og les alltid korrektur på sakene.
Arbeidsoppgåvene vil verte tilpassa di erfaring, interesser, og kva du vil læra meir om. Døme på arbeidsoppgåver kan vera:

Skriva eit meiningsinnlegg om noko som engasjerer deg
Skriva ei liste med tips til feks. filmar, seriar, dataspel, bøker, aktivitetar, eller anna du er engasjert i
Førebu, gjennomføra og skriva ut eit intervju
Laga video eller anna innhald til sosiale medium

Skriv ein e-post der du inkluderer namn, alder, skule, kva erfaring du har med liknande arbeid, og kva du kan tenkje deg å jobba med på OD-dagen.

Telefon

48140342

E-post

andrea@framtida.no